Reknesstabburet
Tekst: Jan Flatholm
Romsdal Spelemannslag har i mange år hatt eit ønskje om lokale til øvingar, kurs, møte og festar….. rett og slett ei spelemannsstove. Mange tankar og spørsmål vart drøfta, som sentral plassering, parkering, eigarskap, vedlikehald, driftskostnadar, utleige, finansiering og eigeninnsats i form av dugnadsarbeid.
Langsiktige mål vart lagt, og strategiske val tok omsyn til ovannemnde tankar og ønskje. Eit stabbur frå 1835 på 119 m2 grunnflate og i to høgder vart så gjenreist på Romsdalsmuseet i Molde. Huset vart innreidd med kjøkken, gang, toalett, kontor, arkiv og møterom i første etasje og ein sal oppe. Romsdalsmuseets Leikarring bruker huset til danseøvingar på faste dagar, og Romsdal Spelemannslag har sine vekedagar.
Å gjenreise eit gammalt hus og ta omsyn till dagens offentlege påbod om ventilasjon og brannutgang, skapte store tekniske utfordringar i eit tømmerhus, og følgjeleg økonomiske utfordringar. Heile gjenreisinga kom på 2,4 mill kr. Over dette har Romsdal Spelemannslag bedratt med om lag kr 500.000 pluss 1000 timar dugnadsarbeid. Frå MVO har laget mottatt til saman kr 335.000 i tilskot til gjenreising og istandsetting. Utan denne fantastiske hjelpa frå MVO til finansiering, kunne laget aldri ha realisert ideen om "eige hus".
Laget har ein bruksavtale med Romsdalsmuseet over fleire tiår, og laget stiller arbeidskraft til dugnadar som del av avtalen. I Reknesstabburet er det no stor aktivitet med levande musikk og dans fleire dagar i veka, i eit miljø med bilde frå kappleikar på veggene og premiesamling i spel gjennom dei siste 70 år.
