Innhaldsrik konferanse om musikklokaler

04.10.2016 12:40 Skrevet av Olav Opsvik, Ung i Kor

Den 25. september inviterte Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund til ein tettpakka konferansedag i Hamar kulturhus. Kommunetilsette og kulturarbeidarar fekk ei innføring av ulike sider ved arbeidet som blir gjort for lokaler til musikkføremål i heile landet frå fleire entusiastiske foredragshaldarar.

Utgangspunktet for størsteparten av konferansa var NS 8178, Akustiske kriterier for rom og lokaler til musikkutøvelse, som er verdas første nasjonale standard for akustikk i musikklokaler. Vegen vidare frå etableringa av denne er no å spre ordet og hjelpe kommunene og frivillige musikkentusiastar i arbeidet med å skape eigna lokaler til musikkaktivitet. Dagskonferansa i Hamar var eit viktig steg på vegen.

Engasjerte akustikarar

Der var to fagakustikarar på konferansa som synte stor glede over arbeidet som vert gjort og som sjølve er viktige bidragsytarar i arbeidet for eigna musikklokaler. Kristian meisingset, som fram til september i år har vore tilsett i Reinertsen, greia ut om grunnleggande element i standarden og kva den seier om lokaler til frivillige kulturtilbod som kor, korps, orkester og band.

- Vi akustikarar er, saman med Norsk musikkråd og musikkens studieforbund, i ferd med å få til noko! slo han fast i si innleiing.

Bård Støfringsdal, som er tilsett i konsulentselskapet COWI, drøfta alternativ og moglegheiter for variabel akustikk, altså korleis ein kan tilpasse akustikken til ulike føremål i eit og samme rom.

- NS 8178 er tydeleg på at ein må prioritere, forklarte han. - Spørsmålet er kva ein kan gjere, og kva slags handlingsrom det er fornuftig å få til.

Der er stor skilnad mellom kva slags akustiske behov til dømes eit rockeband, eit kor eller eit korps/orkester har. Støfringsdal la fram ulike løysingar som som vendbart panel og elektroniske etterklangssystem, som kan vere ei løysing i meir påkosta konserthus.

Suksesshistorie frå Hamar

Akustikk er eit komplisert fagfelt og arbeidet med eigna musikklokaler har mange ulike sider og utfordringar, noko som også blei illustrert ved foredraget til Hans Ole Rian som er forbundsleiar i Musikernes Fellesorganisasjon. Rian orienterte om utfordringar for profesjonelle musikarar og pedagogar i lite eigna lokaler, og understreka ansvaret til arbeidsgjevarane.

Heldigvis går arbeidet framover med store steg, og Hamar Kulturhus er i seg sjølv ei suksesshistorie verdt å fremje. Både tidlegare og påtroppande ordførar i Hamar, Einar Busterud, og dagleg leiar i Hedmark og Oppland musikkråd, Trond Eklund Johansen heldt foredrag om arbeidet med kulturhuset og kva det har resultert i. I dag er Hamar kulturhus eit mangfaldig brukshus med kvalitetssterke tilbod for heile byen, anten dei vil utøve musikk sjølve, besøke biblioteket eller dra på konsert.

Skulen som lokalt kulturhus

Andre stadar har dei ikkje store kulturhus, og der må ofte lokale skular fylle denne funksjonen. Håkon Skoge delte erfaringar frå mange reiser der han har sett innsida av norske gymsalar over heile landet. I dag er han dagleg leiar i Turnéorganisasjonen for Hedmark. Skoge la stor vekt på kulturhusfunksjonen hjå skulane.

Iver Waage frå Oslo musikkråd la fram prosessen han har vore gjennom ovanfor Oslo kommune som no har resultert i eit tydeleg vedtak om skular som lokale kulturhus. Det har vore eit krevjande arbeid, men no er krava for nye skulebygg i Oslo tydelege, og det skal byggast mange av desse i åra framover. Då vil den nye standarden ligge til grunn, med eigna akustikk og rom til musikkføremål som er hensiktsmessig plassert med eigen inngang.

- Oslo musikkråd har klatra oppover påverknadspyramiden for faktisk å få gjennomført tiltak, forklarte Waage. Ringverknadane kan bli betydelege.

Les meir om Oslo kommunes kravspesifikasjon for skolebygg her og her

Foto: jonas høgseth
Foto: jonas høgseth
Foto: jonas høgseth

Foto: jonas høgseth
Foto: jonas høgseth

Kulturell infrastruktur?

Eit nytt kapittel for arbeidet med norske musikklokaler

22. september var Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund sitt utval for musikklokaler i møte med fleire viktige aktørar for å diskutere vegen vidare for arbeidet for betre norske musikklokaler.


les mer...