Foto: Olav Ø. Opsvik

Eineståande arbeid

01.03.2018 13:31 Skrevet av Olav Ø. Opsvik, informasjonskonsulent i Ung i Kor

Akustikar Jens Holger Rindel meinar at Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund sitt arbeid med musikklokaler fortener meir internasjonal merksemd. I juni vert arbeidet presentert for verdenskongressen for akustikarar i Boston.

I midten av februar heldt Rom for spilleglede si årlege samling for akustikkmålarar. Frå heile landet kom engasjerte og ivrige målarar tilknyta regionale musikkråd. Det er desse som står bak arbeidet som i fjor resulterte i at Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund passerte over 500 målte lokaler over heile Noreg.

På slike samlingar får dei høve til å diskutere viktige og komplekse tema, både på eit overordna nivå og tilknyta konkrete døme ein har vore ute for det siste året. Denne gangen blei det til dømes diskutert kor høg bakgrunnsstøy ein kan akseptere. Det er ikkje alltid så enkelt som eit målt desibelnivå, blei det mellom anna sagt. Av og til kan ein lyd med lågt volum, men kanskje svært høgfrekvent karakakter, vere svært forstyrrande. 


Innspel frå ekspert

Mellom alle slike tema er det godt at ein i arbeidet med musikklokaler har ein lang tradisjon for nært samarbeid med fagakustikarmiljøet. Denne gangen var den erfarne og internasjonalt anerkjende Jens Holger Rindel som var invitert. Rindel har bakgrunn som både forskar og rådgjevar i Danmark, og er i dag seniorrådgjevar i Multiconsult i Oslo. I Noreg har han mellom anna vore involvert i prestisjetunge prosjekt som nye Våler kirke.

Under samlinga gjekk han i djupna på eit sentralt tema for arbeidet med musikklokaler, nemleg at ulike musikkformer krevjer ulike tilhøve. - Akustikken er møtet mellom musikken og lokalet den vert framført i, forklarte Rindel. - Der kjem omgrep som romforsterking og etterklangstid inn. Gregoriansk sang krevjer eit meir klangrikt lokale, medan til dømes rockemusikk krevjer klårare og føreseielege akustiske rammer.

Rindel og alle dei involverte målarane drog slike tema ut i lange og spennande diskusjonar i løpet av målarsamlinga sin første dag. 


Imponert over arbeidet

 - Jens Holger har vore ein av dei mest sentrale fagpersonar bak utviklinga av NS8178 (Nasjonal standard for akustiske kriterier i rom og lokaler til musikkutøvelse journ.anm.), så derfor er det veldig spennande for oss å få også hans kunnskap inn i forsamlinga, fortalte Jon G. Olsen, som er primus motor for organisasjonane sitt arbeid med musikklokaler, etter at dagens diskusjonar var gjennomført.

Rindel er svært begeistra for arbeidet Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund legg ned for musikklokaler i Norge. 

- Det er eit eineståande arbeid som gjerast her i Norge, og der eksisterer ikkje noko tilsvarande nokon stad i verda. Eg har fulgt med i fleire år no, og har vore imponert over kor ambisiøse ein har vore. - Rapportane som vert laga er svært godt dokumentert, slo han fast.

- Som amatørmusikar bankar hjartet mitt for musikken og eg ynskjer at flest mogleg born og unge skal få høve til å lære seg å spele musikk om dei ynskjer det. Dette krev ikkje berre gode instrument og lærarar, men også gode lokaler. Lokaler lyt ikkje gjere at ein mistar lysta, men heller at ein vert stimulert til å halde fram, sa Rindell. 


Internasjonal merksemd

No meinar Rindel at arbeidet som vert lagt ned bør få internasjonal merksemd. Juni vert ynskjet oppfylt, når Olsen får høve til å delta på Acoustics ‘17 i Boston, årets store, internasjonale konferanse for fagakustikarar. 

-  Der kan Jon vise korleis ein har handtert arbeidet med musikklokaler i Noreg. Det kan heilt sikkert inspirere mange. Eg veit at NS8178 har vekka ganske stor interesse i andre land. Etter at eg trekte den fram under ein sesjon ved førre europeiske konferansen er det mange som har kome til meg og etterspurt den engelske omsettjinga av standarden, forklarte Rindel. 

Rindel er oppteken av at modellen som har vorte utvikla i Noreg har stort potensiale til å spre seg i andre delar av verda. 

- Andre stadar manglar til dømes klåre krav og retningslinjer med omsyn til faktorar som etterklangstid, romforsterkning, romstørrelse og meir. Noreg er allereie langt foran resten av verda med dette arbeidet. Difor tenkjer eg at det er utruleg viktig å få formidla dette ut til andre, sa han. 


Koplinga mellom brukarar og fagfolk  

Ein av dei viktigaste faktorane som Olsen vil trekke fram i Boston er koplinga mellom musikarar og fagakustikarane.

 - Det er tre partar her: Brukarane, akustikarane og eigarane av lokala. I Noreg har vi no eit system der brukarane og akustikarane har snakka godt saman i 25 år. I tillegg har vi no over 500 målingar å vise til, basert på eit og same system. Soleis har vi samanliknbare data frå mange lokaler, forklarte han.

 - At vi går saman for å få dette til å fungere gjer at kan vi sjå begge sider av bordet samtidig, utnytte kvarandre sine erfaringar, lære og inspirere. Alt dette går til det beste for kommuner og andre som skal bygge desse lokala, slo Jon G. Olsen fast. 

 

 


Musikkrådets normer for musikklokaler oppdatert

"Norsk musikkråds normer og anbefalinger for lokaler til musikkformål" er nå oppdatert i 2018-versjon. Det er ikke store endringer fra 2017-utgaven, det er hovedsakelig foretatt mindre oppdateringer og rettet skrivefeil. Videre har det kommet inn et nytt punkt om lydisolasjon, med henvisning til NS8175 (pkt 4.9).
Last ned 2018-utgaven her.

Musikkrådets normer for musikklokaler oppdatert - les hele saken



Acoustics '17 Boston

Jon G. Olsen attended the 3rd joint meeting Acoustics'17 in Boston (Acoustical Society of America and the European Acoustics Association), and presented the paper "The acoustics of rooms for music rehearsal and performance - the Norwegian approach" on Monday 26th July 2017.

Acoustics '17 Boston - les hele saken



Kulturell infrastruktur?

Eit nytt kapittel for arbeidet med norske musikklokaler

22. september var Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund sitt utval for musikklokaler i møte med fleire viktige aktørar for å diskutere vegen vidare for arbeidet for betre norske musikklokaler.

Kulturell infrastruktur? - les hele saken



Som å spille fotball på 20 prosent av banen

Ballade.no skriver Norsk musikkråd sitt akustikkfokus.

http://www.ballade.no/sak/som-a-spille-fotball-pa-20-prosent-av-banen/



bygg.no

Akustikkprosjektet blir stadig anerkjent i nye fora. Nå har fagbladet Byggeindustrien/bygg.no gitt vår eminente prosjektkoordinator Erlend Rasmussen en helside til å fortelle om arbeidet



Innhaldsrik konferanse om musikklokaler

Den 25. september inviterte Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund til ein tettpakka konferansedag i Hamar kulturhus. Kommunetilsette og kulturarbeidarar fekk ei innføring av ulike sider ved arbeidet som blir gjort for lokaler til musikkføremål i heile landet frå fleire entusiastiske foredragshaldarar.

Innhaldsrik konferanse om musikklokaler - les hele saken